Thursday, June 05, 2003

FLYTTEMELDING
Bloggen min har flytta hit.

Tuesday, June 03, 2003

NOK EIN SPANANDE RAPPORT FRÅ MØRKEDALEN
I dag regnar det, men eg har visst blitt litt brun, særleg på ryggen. Diverre heng det hår ned i andletet mitt, slik at eg der ikkje har oppnådd eit optimalt resultat. Eg skulle nok hatt på meg eit skaut (eller skøt, som det heiter på bokmål). Men eg skal til frisør (eller frisaur, som det heiter på nynorsk) i morgon.

Eg har dessutan vaska meir i dag. Eg er ganske lei (eller le, som det heiter på bokmål) av å vaske, og ikkje spesielt oppglødd ved tanken på all nedvaskinga som må gjerast i høve flytting om ei vekes tid. Men eg gler meg til å flytte! Særleg gler eg meg til å flytte frå husdyra våre, som sist eg opplevde dei (ein kveld eg kom heim i eitt-tida) var så talrike på kjøkkengolvet at eg skjøna slaget var tapt, og at eg ikkje kom til å klare å knuse dei alle med tørkepapir, slik eg plar. Eg skreik i frustrasjon og avsky, medan dei pilte rundt og gav kvarandre high fives.Ja takk til edderkoppar og langfotingar, berre eg slepp desse sleipe insekta! (Eller slepe, heiter det jo sjølvsagt på bokmål).

Eg har forresten enno ikkje funne ut kva slags dyr det er, dvs kva dei heiter. Debatten kring temaet har vore vidtfamnande. For eit par månader sidan sende eg endåtil ein epost m/illustrasjon til onklane mine for at dei skulle finne ut kva det var; kanskje nokon kjenner att skildringa av utyska så eg kan få det avklart før eg forlet dei.

Men no skal eg altså vere her nokre dagar til. Og kanskje sy gardinar. I helga skal eg i bryllaup til søskenbarnet mitt (noko eg gruar meg litt til, av di eg kjenner meg ukomfortabel i slike store familieselskap, men det er vel alltids noko god mat å få).

Monday, June 02, 2003

HEITT, HEITT, HEITT
Eg har prøvd å ligge ute og lese på eit rutete pledd i skuggen av ein parasoll, men det er uuthaldeleg. Eg toler ikkje varmen, eg vert rar i knollen, akk! eg er så sart! men har skit under neglene.

Eg kjedar meg litt, men førebels likar eg det.

Sunday, June 01, 2003

OPPLISTING
Ting eg treng/har lyst på snarast ved flytting til ny bustad:
Støvsugar!
Sofa.
Soveromsgardin e.l. (soverom i 1. etg ut mot gata).
Ting eg treng/har lyst på etter kvart ved flytting til ny bustad:
Mange hyller.
Bokseopnar.
Stovebord.
Gardinar til stove- og andre vindauge.
Strykejarn.
Stereoanlegg.
Kvitlaukspresse.
Eit møbel der ein kan oppbevare handklede, på badet.
Filmframvisingsmedia.
Brødristar.
...m.m.

Pengar.

Eg vurderer å prøve meg på det vanskelege prosjektet det vil bli å sy gardinar sjølv. Rett nok er eg totalt håplaus når det gjeld alt handarbeid, men gardinar må vel vere av det lettaste å sy? Er det ikkje berre rette saumar? Og det gjer ikkje så mykje om dei vert litt skeive, vel?

Naja. Forts følger kanskje.

Eigentleg er kanskje ikkje dette så lurt, å skaffe seg fleire ting. Eg hatar jo å ha mange ting.
FINEVEIR
Ein gong eg kjøpte meg ein kortebukse på Førde Sport sa selgaren: "Skal du ha deg ein shorts i fineveiret?" Eg veit ikkje korfor eg hugsar denne episoden så godt. Kanskje selgaren var litt kjekk, eller noko. Eg kan i alle fall ikkje høyre/seie ordet "fineveir" utan å tenke på det.

I dag er det fineveir, og så heitt heitt heitt som det stundom er i Bjørkedalen når det blir litt varmt. Her er så lunt, nemleg. Eg har ikkje vaska anna enn ~ opp og ~ klede i dag, og elles har eg laga middag, og vore mykje ute, og trilla mamma rundt i rullestol og gjort litt hagearbeid som ho har dirigert meg til. Eg har ikkje akkurat grønne fingrar, men eg likar å grave i jorda og rykke opp ugras med rota og oppdage store, feite makk (som eg ikkje lenger fjetra plukkar opp og held som husdyr i små bøtter med jord, men litt av fascinasjonen heng visst enno att). Eg likar å plante og så også. Då eg var ung hadde eg ein urtehage (eg trur eg hadde "Urtar" i 4H-oppgåve), men no er den attgrodd. No til dags er ingen plante trygg viss det er eg som har ansvaret for den, sjølv om eg eigentleg berre vil godt. Kanskje eg skal prøve meg på meir hagearbeid i morgon under mors kyndige rettleiing. Og henge ut meir klede til tørk. Lukta av klede som har hengt ute heime er ei av dei beste luktene eg veit. No har pappa slått graset nedmed klessnora også, han er så gammal at han slår med ljå. Eg ynskjer at eg var like flink å spele piano som eg var ein gong, og at pianoet heime var stemt. Men dersom eg klippar neglene vert kanskje pianospelinga litt lettare, det samme gjeld hagearbeidet. Meir har eg ikkje å melde i dag.

ULIKE 4H-OPPGÅVER EG HAR HATT:
Bokmelding
Kanin x 2
Hest x 2
Plantefarging
Urtar x 2
Fotografi x 2

Det trur eg skal stemme.